CodePublish - Profesjonell publisering
Publisering, netthandel, CRM.
CodePublish er eit system som brukast til å publisere tekst, bilete, biletseriar, video med meir på skreddarsydde heimesider.
Systemet er enkelt å bevege seg og kan lærast av alle som har minimumskunskapar på data.
- Kategoribasert logikk med foreldre/born struktur (du kan f.eks. legge "Audi" under "Bilmerker")
- Postar (innhaldssider)
- Statiske sider (så som "om oss", "kontakt oss" osv)
- Søkefunksjon (presist fulltekstsøk)
- Kommentarar (valfritt for kvar innhaldsside du har)
- Avstemmingar (lag avstemmingar som du kan knytte til ei eller fleire innhaldssider)
- Biletseriar som du kan knytte til innhaldssider
- Automatisk bildebehandling (slik at du slepp å tenkje på bildestorleik)
- Tag/emneord system (dette kan brukast som sekundært mange til mange menysystem om ynskjeleg)
- Sortering av meny (slik at du sjølv bestemmer kva som skal kome først og sist i menyen din)
- Netthandel (legg til varer og bestem deg for kor mykje som er på lager)
- Ordresystem (du får beskjed pr. epost når det kjem inn nye ordrar. Behandle ordrane og send vara i posten til kunden)
- Nyhendeskriv (send nyhendeskriv til brukargrupper: eks. "Kundar som har handla for over 5000", "Påmelde nyhendeskriv" osv. Her kan du lage dine eigne brukargrupper)
- Leverandørdatabase (Legg til leverandørar med info som vert tilknytta varer du publiserar)
- Lenkjer (legg til f.eks "Nyttige lenkjer" på heimesida di)
- Brukarar (oversiktleg register over brukarar - både administratorar og kundar. Her kan du gje brukarar status etter kva funksjonallitet dei skal kunne nytte seg av)
Systemet vart "fødd" 1. mai 2008 og tatt i bruk fyrste gong i juni same året. Den fyrste kunden som fekk ta i bruk systemet var Avans AS.
Publiseringsløysinga har vore - og er i stadig utvikling. Vi ynskjer å gje deg som kunde mulegheit til å bestemme så mykje som muleg sjølv på di heimeside - samtidig som vi prøvar å gje deg trygge rammer å jobbe innan.
Hausten 2009 tok vi til med versjonskontroll slik at alle installerte system skal køyre på same databasemodell.