Sjekkliste før du leverar Photoshop fil
Det er ein del ting som er viktig å hugse på før du leverar oss ei Photoshop fil som skal gjerast heimeside ut av.
Denne sjekklista bør du helst lese før du set i gong med heimeside utforming.
- Jobb i 72 DPI (det er målformatet og gjev deg tilbake det du gav oss)
- Jobb i RGB (det er målformatet og jobbar du f.eks i CMYK vil sluttresultatet vike ganske langt frå det du hadde intensjon om når det gjeld fargar)
- Unngå å smelte saman lag = no merging (vi må kunne fjerne element frå bakgrunnen og kunne sette saman element på best mogleg måte)
- Lag deg eit mappesystem som du legg laga/layers i (då vil jobben vår gå mykje lettare = vi sparar tid = du sparar pengar)
- Om du har tenkt deg ei heimeside på f.eks 900 pikslar/px breidde, lag deg eit prosjekt med 1200 px breidde (så sentrerar du heimesida di med 900 px breidde ved hjelp av guides)
- Har du knappar som skal endre seg når musepeikaren førast over, lag ei mappe med "Hover" etternamn/suffix slik at vi skjønar kva som skal visast når musepeikaren førast over elementet
Lukke til!